Del gjerne denne historien

Da mor mi fylte 50 ville far min overraske ho med tur til Sognefjellet og skitur til Storebjørn. Tilfeldigheitene ville det til at far min fekk ein lei prolaps, og eg steppa villig inn som vikar. Eg har det alltid kjekt med mor mi på tur, ho er ein slik turkamerat som aldri let deg føle at du er i dårleg form, sjølv om ho kunne sprengt deg fleire gongar om ho ville. Så eg var ikkje tung å be.

Vi vakna på Sognefjellet til strålande ver ein sein maidag og gjorde oss klare å gå. Vindstilt, blå himmel og gneistrande sol. Eg var som venta litt seigare i motbakkane opp Leirbreen enn mor mi, men med godt mot og lavt turtal går det meste. Ved Bjørnskaret fekk vi endeleg sjå Storebjørn, og sjølv om eg var gåen bestemte eg meg for å klare det. Etter nokre turar i kjellaren kom vi oss til topps.

Å sitje på ein topp 2000 meter over havet i Jotunheimen, på ein vindstille vårdag, gir ein lykkekjensle som ikkje kan målast med noko!  Vipps var alle tunge motbakkar gløymde, og sjølv om vi trudde vi ikkje klarde toppe dette, prøvde vi likevel. Rusa på livet rakk vi ein tur innom nabotoppane Veslebjørn og Bjørnungen, før vi til slutt sigla ned over Leirbreen i lag med vårsola. Høge på oppleving og meistring drøymde vi den kvelden om å gå Fannaråken neste dag.

Dagen etter vakna eg lettare snøblind frå gårsdagens overdose med sol og snø, og med føter som ikkje ville vere i skisko. Det vart altså ingen dag to på ski. Vi nytta heller Fjellvettregel nr 2: Tilpass turen etter evne og forhold, og gjekk til Helgedalsnosi ovanfor Turtagrø. Der slikka vi sol i lyngen og kosa oss med kanelknutar frå Bakeriet i Lom.


Perfekt!

M.V.
Sognefjellet – Jotunheimen